Føremål
Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Hyllestad kommune. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.
Arkivplanen skal sikre at Hyllestad kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter Arkivlova § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."
Vedtak
Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet. Jfr. Forskrift om offentlege arkiv § 4
Laster...